Cross-disipline
Lag driden - den jærske versjonen av smidig
Bjørnar Tollaksen & Martha Lyngnes
Lysescenen
Som eit lite selskap med 13 personar på Bryne, må me gjera ting litt annleis. Med få konsulentar og tverrfagleg jobbing klarar me å levera store prosjekt med avgrensa budsjett - kva er hemmelegheita vår? Bjørnar (dagleg leiar og utviklar) og Martha (designer) delar sine erfaringar og eksempel på kva som funkar for oss.
Bjørnar har laget digitale produkter siden han startet å frilanse da han var 18 år. I dag leder har Grensesnitt, som har som mål å lage digitale produkter som folk elsker.
Bjørnar Tollaksen
Martha Lyngnes er utdanna industridesigner og har jobba med digitalt design sidan 2006. Før ho kom til Grensesnitt jobba ho 13 år i Netlife Design i Oslo, og fulgte dei heile vegen frå å vera tilsett nummer 6 til eit stort konsulentselskap med 70 tilsette. I tillegg til det faglege ballasten har ho mykje erfaring med både kva som funkar og kva som ikkje funkar når ein skal laga digitale produkt.
Ho har holdt fleire kurs og foredrag før, både i Noreg og i utlandet, samt undervist i ei årrekke ved høgskulestudiet i interaksjonsdesign og brukarvenlegheit, ved Institutt for grafiske medier (IGM) i perioden 2011 - 2018, spesifikt i tema knytta til interaksjonsdesign og prototyping.
Bjørnar Tollaksen er utviklar og dagleg leiar i Grensesnitt. Han har jobba med nettsider og webapplikasjonar sidan han var ungdom, og kan utruleg mykje rundt alt knytta til å laga digitale løysingar av høg kvalitet. Då han fylte 18 år etablerte han eit enkeltpersonføretak for å byrja å jobba for ulike kundar, og starta sidan Grensesnitt i 2018.
Han er mykje rundt i distriktet for å halda foredrag om både utvikling og om Grensesnitt, så han er godt van med å snakka til eit publikum.
Martha Lyngnes